Fjordane Isolering
Fjordane Isolering er spesialistar på blåseisolering
Hvorfor velge oss
Fjordane Isolering vart etablert av Gunnar Atle Kjørvik i 2006. I byrjinga fekk Gunnar leige utstyr med Arne Krumsvik i Norsk Celluloseisolasjon, og fekk grundig opplæring før han etter kvart tok over utstyret. Dei første åra utførte vi ein del snikkararbeid i rolegare periodar, men dei siste åra har vi drive med blåseisolering på fulltid. Fjordane Isolering har sidan byrjinga satsa på blåseisolering levert av Nviro (tidlegare CBI Norge), som er Norges største leverandør av cellulosebaserte isolasjonsløysningar til byggebransjen. Nokre av fordelane ved cellulosebasert blåseisolasjon, er at det er svært miljøvennleg, sparar mykje tid, fører til betre logistikk på byggeplassen, gjev lite avfall og har svært god fyllingsgrad. Sidan 2013 har vi stort sett vore 2 tilsette, samt innleigd hjelp i særleg hektiske periodar. I dag arbeider Gunnar med svigersonen Kjetil Klakegg, som skal ta over firmaet når Gunnar blir pensjonist. Kjetil er utdanna tømrar og har 14 års erfaring frå byggebransjen. I august 2025 vart Fjordane Isolering omorganisert frå eit enkeltpersonforetak til eit aksjeselskap. I den samanheng fekk vi inn Endre Nilssen Myklebust og Erik Seime på eigarsida og i styret. Endre og Erik driv Tømrar Myklebust og Byggmester Seime, og har lang erfaring frå byggebransjen. Med denne omorganiseringa er Fjordane Isolering rusta for framtida. Det er viktig for oss å yte god service og opparbeide gode kundeforhold. Fjordane Isolering har mange faste bedriftskundar, der fleire av desse er store aktørar i byggebransjen. I tillegg har vi hjelpt mange privatkundar med å etterisolere bustaden sin. Vi er opptatt av å oppnå best mogleg kvalitet på utført arbeid.
Lokal isolatør i Vestland
Vi holder til i Sandane og jobber i hele fylket.
Effektiv installasjon
Blåseisolering gir rask og jevn isolering.
Sertifisert isolatør
Godkjent gjennom NVIRO.
Kan gi Enova-støtte
Vi kan hjelpe med søknaden.
Fjerning av gammel isolasjon
Vi kan suge ut og fjerne gammel isolasjon før ny isolasjon legges inn.